Såg ikkje første omgang. Men veldig fornøgd med det eg såg i andre.
Eg fulgte veldig nøye med på Kulusevski og kva han faktisk bidrar med. Eg føler nesten han er der Son til tider har vert. Ikkje dei store bidraga før han plutseleg gjær eit par ting som fører til mål. Ballvinning på 2-0 og assist på 3-0 er jo begge flott arbeid, og sikrer oss seieren på mange måtar.
Son har tatt seg enormt opp. Skapar ubalanse i heile forsvarsrekka til Villa.
Werner og Johnson er i gang med mål, og god sjølvtillit på dei 2 kan bli heilt vitalt for om vi havnar innanfor top 4 eller ikkje.
Sarr. Eg veit ikkje kva eg skal seie. Han er over allt. Heile tida. Gir seg aldrig. Og den assisten på 1-0 kan ikkje gjærast bedre. Eg forstod ingenting. Han var i ubalanse, holdt vel nesten på å snuble, for so å dundre den ballen inn akkurat på rett plass. Vi har ein juvel her.