Mange som kjenner på den samme apatien eg kjennte på før Ange blei ansatt. Eg var møkk lei, og var totalt uintressert. Kjedeleg "barkebrød" av eit lag. Ingen profilar. Ingen heilheit. Berre ein haug kjedelege fotballspelarar og italienske trenarar som var meir intressert i å surmule på pressekonferansar enn å prøve å få gutta til å spele fotball.
Så kom Ange. Karismatisk, med offansivt spel, som "satt" fra dag 1. Eg kjennte, som sikkert mange andre, at her hadde vi muligens den som kunne gi oss tilbake DNAet vårt. Det viste seg jo etter kvart at han ikkje er mannen, og apatien begynnte sakt men sikkert å komme tilbake.
Men no når eg har latt sinnet og frustrasjonen min over det elendige spelet til laget ebbe ut, så skjønnar eg kvifor mange ikkje er i Ange Out klubben. Det første halvåret hans var den friske våren vi har venta lenge på. Desverre kom hausten for fort. Men eg ser kvifor enkelte går og lurar seg sjølve og tenker at den våren kan komme tilbake.