Eg må sei at etter dei 10 minutta eg såg av Toons kampen, så var denne andreomgangen ganske positiv.
Vi har mykje å jobbe med. Men denne gangen var iallefall innsatsen delvis på plass. Desverre så var mykje av det heilt unødvendig. Vi vart springande mykje i mellom allt og alle.
Pressleddet vårt er ubrukeleg. Press på ballfører er elendig. Og vi blir for passive, sjølv med intensitet.
Vi er blotta for sjølvtillit. Det ser vi på avslutningane til Son og Dier, samt at Richy ikkje turte å skyte, men heller prøvde på idiotiske passningar dei 3 gangane han hadde ballen i brukbare situasjonar i første omgang.
MEN! Vi prøvar. Det er iallefall ei forbedring.