Uten at eg skal samanlikne dei mentale utfordringane eg har slite med siste året med Alli sine, så kan eg med iallefall litt førstehandserfaring (uten å drive og utbrodere det noko nevneverdig) seie at å komme seg til hektene igjenn er ei fin blanding av mange faktorar.
I mitt tilfelle:
- Støtte (uten nokon "dakal liten" som Kungereke indikerar) fra dei rundt meg.
- Pushing fra dei nermaste til å ta tak i problem. God blanding mellon "tough love" og vanleg herleg kjerleik.
- Verktøykasse fra profesjonelle (Psykolog, coach, eller i mitt tilfelle psykiatrisk sjukepleiar)
- Enorme mengder egeninnsats.
Eg var i ein liten spiral. Den peika nedover. En del dårlege avgjerdsler blei tatt før eg innsåg problem.
Eg var heldig nok til å ha ein familie og vener som hjalp meg, så eg hadde ikkje behov for at jobben hjalp meg. Men har man ikkje nær familie eller rette vennar som kan hjelpe, så kan det nok være sjukt vanskeleg å komme seg utav ein nedadgåande spiral som det virkar som Alli har vore i ganske lenge no.
Så kan klubben bidra, så bør den det. Men desverre skjer ingenting uten Alli sin egeninnsats.