Mykje høgt og lavt i dag. Veldig ung midtbane som kanskje viser at dei ikkje nødvendigvis alltid bør være på bana samtidig. Mange balltap, men og ein del veldig gode prestasjonar.
Flott med Richy i gang. Det kan være gull. Blir ikkje lett for Solanke å karre seg til fast plass i år trur eg.
Edit: Gløymde Kudus. Eg skal være erlig. Siste åra har eg sett lite andre kampar enn våre egne. Så Kudus er ein mann eg har 0 kjennskap til før han kom til oss. Men herlighet så herlig det er å ha ein høgreving som kan dra av ein mann og legge innlegg. Med begge beina.
I tillegg til det så merka eg meg og at å ha høgrebeint venstreback og høgrebeint venstreving på bana samtidig er ikkje kjempegunstig for å komme seg rundt på kanten.